|
Opningstider : ons-fredag 1600-2130* lør-søndag 1200-1700 (*vaksen symjing 20-2130) Opningstider/feriar |
Kom og opplev det flottaste badeanlegget på Haugalandet!
I Tysværtunet badeanlegg er det to basseng, rutsjebane, stupetårn, grotte, badstu, solarium m.m, svært behageleg temperatur (30 grader i det store og 34 grader i barnebassenget), Svært godt tilrettelagt for familier og badende i alle aldre.
Bursdagsselskap
Info:
I badeanlegget kan ein kjøpe forskjellige symjebriller, hudkrem, såper, baderingar for dei minste, og dessutan leige handkle og badekåper.
Vi har låsbare garderobeskap, 10 kroner depositum, også sko bør låsast inn.
Det er handicapgarderobe og teleslynge i billettluke/badevakt.
Alt som blir attgløymt blir tatt vare på inntil 3 månader. Hittegods er tilgjengeleg i opningstida på huset. Verdisaker blir etter 3 måneder levert inn til lensmannen. Ring 52757511 for hittegods.
Det kan vere mykje folk i badeanlegget i helgene, særleg når det er dårleg ver. Er kølappsystem i bruk henter ein kølapp i billettluka, og du kan vente f.eks i kafeen. For vaksne er det ein god idé å bade i tida 20.00-21.30 onsdag-fredag (gjeld ikkje sommar). Vanlegvis er det då god plass til badande.









