Sommarferieaktivitetar

Tysværtunet badeanlegg 

Det er sommarope i badeanlegget frå 23.6-12.8, det er då ope onsdag til søndag kl. 12.00 -18.00.
Ein symjebane open onsdag-fredag.

Me startar sommarsesongen med Beach Party i bassenget 23.6!

Tysvær kino

Det blir også i år gratis sommarkino for alle, i heilt ny renovert Storsal!

Filmstart kl. 12.00.

Uke 27. onsdag 4.7 til fredag 6.7 Grusomme Meg 3 (6 år)

Uke 28. onsdag 11.7 til fredag 13.7 Petter Kanin  (6 år)

Uke 29. onsdag 18.7 til fredag 20.7 Coco (6 år)

Uke 30. onsdag 25.7 til fredag 27.7 Biler 3 (alle)

Uke 31. onsdag 1.8 til fredag 3.8 Ferdinand (alle)

Uke 32. onsdag 8.8 til fredag 10.8 Den utrolige historien om den kjempestore pæra (6 år)

Du treng ikkje hente ut billett for å gå på gratis kino, det er berre til å møte opp og gå inn i salen når dørene opnes :)

Møt opp i god tid! Om barna skal gå aleine på kino, sjå til at dei har funnet seg ein plass i salen før du drar igjen.

Tysvær folkebibliotek

Biblioteket er betent frå kl. 10.00 til 17.00 på kvardagar sommaren igjennom.

Utanom desse tidene er biblioteket ubetent, men du kan både låne og levere på sjølvbeteningsautomaten.

Alle barneskulebarn er velkomen med på den spanande lesekampanjen Sommarles i sommar!

Sjå bibliotekets si facebookside for meir informasjon om sommarles, eller sommarles.no

Tysværtunet Kafé & Catering

Har ope frå kl. 11.30 onsdag - søndag i bade - og kinotid.

Tek i mot cateringbestillingar på givesdal@gmail.com og 404 73 145

_
_
_