Smittevern Covid 19

Smittevernveiledar Covid-19, Tysværtunet Kulturhus

Denne veiledaren gir føring til leigetakerar av saler/rom på Tysværtunet Kulturhus,  om smittevern knytt til viruset Covid-19. Det er Tysvær kommune som er ansvarleg for å sikre at drifta av kulturhuset skjer i samsvar med regelverket for smittevernet. Tysværtunet Kulturhus oppdaterer veiledar undervegs for å følgje gjeldande lovverk og krav til ei kvar tid.  

Leigetakar er ansvarleg for å rette seg etter veiledaren, samt formidle informasjonen vidare til sin gruppe / kollegaer i god tid før ankomst til Tysværtunet. Dette for å sikre at opphaldet på Tysværtunet skjer i samsvar med smittevernveiledaren.

 

Oppfordring til leigetaker og gjester

Vær vennleg og ikkje besøk Tysværtunet om du :

  • Har symptom på forkjøling.
  • Er i karantene.
  • Er i isolasjon.
  • Har mistanke om eller har fått bekrefta Covid-19.

NB! Om naudsynt med utgangspunkt i nemnde punkt kan tilsette ved Tysværtunet be gjester om å forlate Tysværtunet.  

God hygiene

  • Vask hendene ofte med såpe og vatn.
  • Benytt stasjonane med desinfeksjon plassert backstage, på scene og i vestibylen til hendene. NB! Ikkje bruk sprit på kontaktflater og gulv pga det setter merker.

Avstand i møtelokale, gangtraséar og fellesareal.

  • Hold <-1->  meter avstand mellom personar.
  • Ta gjerne pausane ute i friluft.  
  • Trange fellesareal skal ikkje brukas til opphald.  
  • Personar kan passera kvarandre og opphalde seg kortvarig i same område (inntil 15 minuttar) utan vidare smitterisiko. 

Billetter må kjøpes før ankomst Tysværtunet 

Publikum kjøper billetter via tysvertunet.kulturhus.no eller i billettskranke i biblioteket.  Billettprogrammet ivaretar automatisk regel om sosial distansering mellom billetttransaksjoner. Kunde informeres om dette ved billettkjøp. Personar frå ulike hushald kan ikkje sitte ilag. Kjøp billetter i fleire omganger om personar frå ulike hushald går ilag på kino/kulturarrangement.  

Når billettkunder gir beskjed til Tysværtunet i forkant av arrangementsdato, kan dei få refundert billettutgift om kanselering er knytt til Covid-19 symptomer/ covid sjukdom. 

Arrangements dato

  • Dørene opner 30 minutter før framføring.
  • Billetter til arrangement scannes ved inngang til salen.
  • I Storsalen og Litlesalen benyttes kvar rad, men det skal være 2 ledige seter mellom personer frå ulike hushald. 

Bevertning

Bestilling rettas til Tysværtunet Kafé og catering post@tkcatering.no/tlf. 40 47 31 45. Kafeen ivaretar smittevern jfr. Norsk Hovedorganisasjon sin smittevernveiledar knytt til servering.  Les veiledar her

Lokaler

Ventilasjon  

  • Auka luftmengde og auka andel av frisk luft i systemet.
  • Tida som ventilasjonsanlegget er i drift er utvida, før og etter bruk av sal.  
  • I rom med vinduer, nyttas desse til utlufting. (Unntak er toalett, pga. undertrykk)

Reinhald

Scene og backstage er reingjort før «get in». Romma utstyres med smittevaskprodukter, som leigetaker bruker undervegs i oppholdet til vask av kontaktflater. 

Det utføres hyppig reinhald i vestibyle og på toaletter.  

Tilsette ved Tysværtunet Kulturhus

  • Handhilsing og annan fysisk kontakt skal unngås. Avstand på minst 1 meter skal overholdes.
  • Tilsette i heimekarantene eller isolering møter ikkje på arbeid.
  • Felles kontaktflater vaskes med såpevatn etter bruk.
  • Tilsette som blir sjuke på arbeid forlet arbeidsplassen så snart som råd og informerer leiar snarast.Dei skal unngå å bruke kollektivtransport.
  • Arbeidsgiver kan dele vakt- og timelister med helsemyndigheter ved påvist covid 19-smitte hos tilsette.

Kanserling av salsbestilling

Tysværtunet Kulturhus forbeheld seg retten til å kansellera salsbestilling på kort varsel, dersom Folkehelseinstituttet sine regler om smittevern tilseier at utleige ikkje kan finne stad. 

Dersom sjukdom oppstår når ein er på Tysværtunet

Dersom personar blir sjuke når dei er på Tysværtunet må dei forlate huset, og reise heim så snart det er råd. Sjuke personar som blir henta av andre, må venta på eige

rom eller ute der det ikkje er andre. Sjuke personar bør ikkje ta offentleg transport. Sjuke personer bør beskytta munn og nase med medisinsk munnbind, og unngå å ta på kontaktflater,om mogleg.  Dersom dei ikkje kan halde 1 meters avstand til andre for å redusera smittespreiing. 

Smittesporing

Kommunehelsetenesta har ansvar for oppfølging rundt tilfelle med bekrefta covid-19 (smitteoppsporing), og skal varsla arrangøren dersom publikum eller tilsette på Tysværtunet får bekrefta covid-19. Det er kommunehelsetenesta som besluttar vidare tiltak og definerer kven som er nærkontaktar til den sjuke og difor skal i karantene (smitteoppsporing), samt om det er behov for informasjon til andre. Leigetakar må difor lagre namn og mobilnummer på sine møtedeltakerar i inntil 10 dagar etter leigeforholdet. Ved sannsynlig eller bekrefta covid-19 gjeld eigne anbefalingar om isolasjon for den sjuke og karantene for nærkontaktar, sjå www.fhi.no.

Følg Helsedirektoratet sine anbefalingar som førebygger smitte.   

Tysvær kommune covid-19 informasjon

 

 

 

 

Publisert
22. september 2020
Skrevet av