bLEST Lesing på liv og død - Et laivsjov med Linda Eide & Janne Drangsholt

Om arrangementet

Et laivsjov med Linda Eide & Janne Drangsholt

Litteraturen er viktig, det gjer den også farleg. Men kor farleg, og kven går det eigentleg ut over?

Dette kan fort bli eit tema når Linda Eide byr inn Janne Stigen Drangsholt til ein fabulerande time om litteraturens vesen, om lesing, løping, snakking, tolking og speling (blokkfløytealarm!). Vi lovar ein kveld med humor og overraskingar når desse to kunnskapsrike damene møtest på scenen i Tysværtunet kulturhus.

Linda Eide er kjend for heile det norske folket gjennom sine språksjov og underhaldningsprogram på NRK. Janne Drangsholt er litteraturforskar og professor i engelsk ved Universitetet i Stavanger. I haust er dei begge aktuelle med nye bøker som dei sjølvsagt og vil fortelje litt om denne kvelden.  Janne med Winterkalypse nå – ny bok i Ingrid Winter-serien, og Linda med boka Livet er eit språksjov. Kva språket har gjort med meg. 

Velkomen til ein samtale som blir til mens praten går.

Afternoon tea og show  - UTSOLGT 

  • Kl. 17.30: servering av klassisk Afternoon Tea hos GP Café på Tysværtunet. Meny: Sandwiches, scones, kaker, te, kaffe og musserrende vin (alkoholfri) 

NB! Det er begrenset kapasitet på pakken Afternoon tea og show. Ledsagerbevis kan ikkje nyttast på Afternoon Tea. 

 bLEST Litteraturfest 2026