bLEST: Olaug Nilssen: Litterær samtale

Om arrangementet

Yt etter evne, få etter behov!

Kva kan me forventa av kvarandre i ein familie og i eit samfunn? Og når er det greitt å setja ned foten og seia at nok er nok? Dette er tematikken i Olaug Nilssen sin nye roman «Yt etter evne, få etter behov», og utgangspunkt for samtalen mellom forfattaren og bokbadar Synnøve Bredal Bjelland. Olaug Nilssen har markert seg som ei modig og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen «Tung tids tale», som ho fikk Brageprisen for i 2017, fortel hun ope og fritt om å vera mor til eit sterkt funksjonshemma barn.

 

Medarrangør: Tysvær Mållag

 

Covid 19 smittevern, oppfording til gjester på Tysværtunet 

Vær vennleg og ikkje besøk bLEST Litteraturfest om du:

  • Har symptom på forkjøling/influensa
  • Har mistanke om eller har fått bekrefta Covid-19.
  • Er i karantene eller i isolasjon

Kontakt oss på booking@tysver.kommune.no/52 75 75 00 for ev. billettrefusjon pga. sjukdom.