Haustferie: Naturvennlige hager / bygg eit pinnsvinhus

Om arrangementet

Lær meir om livet i hagen og korleis du kan ta vare på det.

Lær meir om korleis du kan hjelpe naturen i din eigen hage! Me lærer om humlevennlige blomar, kva me vil og ikkje vil ha i hagen, og korleis me kan hjelpe dei dyra som liker seg i hagen vår. Til slutt bygger me pinnsvinhus for å hjelpe pinnsvina med å finne ein plass å bu.  

Pinnsvinhuset er ganske stort, og veg 13 kg, så her må ein ha hjelp av ein vaksen både undervegs og til å frakte med heim. Varighet: ca 1 time.  

Alder: Frå 1.klasse og oppover

Arrangementet er gratis, og eit samarbeid mellom kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær og Naturvernforbundet, med støtte frå Rogaland fylkeskommune.