1

Arquebus: Spenning frå det verkelege livet.

Levande krigshistorie!

Me får besøk av Svein H. Andersen, sonen til Sverre K. Andersen som under krigen drifta radiostasjonen "Arquebus" frå den veglause garden Eikås i Bjoa. Stasjonen var i drift i tre år og var den sendaren i Europa som heldt lengst ut. Svein Andersen vil denne kvelden fortelje faren si svært spenannde livshistorie. Om telegrafisten som hadde fått agentopplæring av Secret Service. Som spela rolla som «tomsete dreng» på Eikås, medan han i røynda var ansvarleg for å koordinera sendingar av våpen og mannskap mellom Noreg og England. Lokalt var stasjonen kjernen i eit omfattande nett av motstandsfolk, med den såkalla Bjoagjengen som dei fremste støttespelarane.
Trass i intens søking makta ikkje Gestapo å finna fram til sendaren før i desember 1944. Andersen kom seg unna og heldt fram med verksemda i Langåsdalen til krigen var slutt.

Grethe Paulsen Vie frå Haugalandsmuseet kjem for å fortelje om museet i Førre som er det største krigsmuseet utanfor Oslo, og som ber sendaren sitt namn. Ho har også med seg sendaren, og viser historiske bilete. Salg av boka "Arquebus kaller London" som kom i 1977, og kun finst i eit restopplag i museet.

Gratis arrangement.

Arrangør: Tysvær bibliotek i samarbeid med Haugalandsmuseet.

 

Som følge av de nye nasjonale retningslinjene for å hindre smitte av koronaviruset blir Tysværtunet kulturhus stengt inntil videre og ingen forestillinger blir gjennomført.
_
_
_