2

bLEST: Tom Roger Aadland

Intimkonsert av ypperste klasse med ein av dei beste låtskrivarane i landet.

Rockepoeten Tom Roger Aadland har sidan debuten i 2007 gitt ut sju kritikarroste soloalbum. Det nyaste, «Songfugl», kom ut i fjor til strålande kritikkar. Utgjevinga «Blondt i blondt» (Bob Dylan gjendikta til nynorsk), blei kåra til Årets Album av NRK P1 Norsk på norsk i 2016. At han er ein av landets beste tekstforfattarar har fleire fått med seg, for på Hellbillies’ nye album «Søvnlaus» er han mannen bak mange av tekstane, mellom anna kjempehiten «20 år på vegen».

Nyleg hadde Tom Roger æra av å syngje for H.M. Kongen då den nye biskopen i Stavanger blei vigsla. Han har også samarbeidd med fleire forfattarar, og leverte tittelmelodien då Kjartan Fløgstad gav ut songboka «Sandharpesongar» i fjor. I haust kjem eit livealbum innspelt i Oslo Konserthus med nokre av landets beste musikarar.

Arr: Arrangør: Nedstrand museum- og historielag i samarbeid med bLEST Litteraturfest

 

Få meir informasjon om bLEST litteraturfest på nettsida.

Følg oss gjerne på Facebook og få siste nytt først!

Billettar til bLEST: Tom Roger Aadland

  1. Tor 7. nov kl 20:00 230 kr   Tollboda i Nedstrand bLEST Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_