1

bLEST: Tore Kvæven om sine historiske romanar

-i samtale med psykiater Jone Schanche Olsen.

Likar du å lese romanar som du lærer historie av? Ynskjer du at bøker skal være spennande og handlingsdrevne? Kva med dette bakteppet: Året er 1010 og eit vikingskip ligg til hamn i Roma for å drive handel. Ein krangel endar med at kapteinen blir drepen og mannskapet vert lokka til tokt i det indre av Afrika for å finne ein fønikisk skatt. Det er handlingen i Tore Kvæven si debutbok “Hard er mitt lands lov” (2011). Den nyaste boka hans, Når landet mørkner (2018), trollbandt både meldarar og lesarar i beskrivelsen av det harde livet på Grønland i norrøn tid. Denne fekk han også Brageprisen for i 2018.

Arrangementet er støtta av Rogaland Fylkesbibliotek / Bokåret 2019

 

Få meir informasjon om bLEST litteraturfest på nettsida.

Følg oss gjerne på Facebook og få siste nytt først!

_
_
_