1

Konsert Vestavind

Sommarkonsert med gamle, nære og kjære songar som “Hovedøen”, “Vi skal ikkje sove bort sumarnatta” og “Fordi eg elskar deg”. Programmet varierer frå norske svisker som tek deg attende til ungdommen, til nyare internasjonale songar omsett til norsk. I tillegg byr duoen på pianospel og diktlesing.

Etter vellukka konsertar i Hardanger er det med stor glede den musikalske duoen Jonas Apeland og Amalie Jensen reiser sørover til familierøtene deira i Haugesund og omegn. 


Amalie og Jonas gjekk ut musikklinja ved Langhaugen Vidaregåande skule i Bergen i 2016, før dei begge tok vegen vidare til musikkstudiar i Oslo.

Pianist Jonas Apeland Salomonsen er frå Bergen og går kandidatstudie i kyrkjemusikk, orgel, ved Norges Musikkhøyskole. Songar Amalie Jensen Tolo er frå Norheimsund og er nyutdanna musikalartist ved Musikkteaterhøyskolen.

Gratis entrè

 

Arr. Tysvær kommune, "Den kulturelle spaserstokken" 

_
_
_